page view image

Lanseringskonsert, "Helgasong" i Mariakirken mandag 16. desember

Presentasjon av albumet "Helgasaong" som kommer ut på musikkforlaget Grappa høst 2024.Musikarane arrangerer songane og musikken saman, og lagar ein heilskap som både gjenspeglar eldre songtradisjon, musikalsk utvikling og notida. Improvisasjon er eit sentralt element i tillegg til utarbeida arrangement.

Informasjon
event image

HELGASONG

Gjennom mange hundre år har me i vår kultur her i nord sunge dei same salmane i advents – og joletida. Melodiane til salmane har vore ulike, det er brukt mange lokale variantar/folketonar rundt i landet, i tillegg til fleire melodiar som er blitt standardisert og som «alle» syng, men salmetekstane er dei same. Uavhengig av kva ein trur på eller legg i tekstane, eller kva ein likar, er det mange som kjenner på fellesskap og samhøyrigheit når desse salmane blir framførte, eller ein er med og syng sjølv. Song skapar ofte eit sterkt fellesskap.


I eldre tid når det var mindre musikk å høyra i kvardagen og arbeidsdagane for mange var fysisk krevjande, var songen svært viktig. Eldre songkjelder eg har møtt og fått læra av fortel at veldig mange song medan dei arbeidde. Dei song ulike type songar, barnesongar/bånsullar, viser, stubbar, medan andre song mest salmar. Dei song i arbeid, i medgang, og i motgang. Ragnar Vigdal (1913 – 1991) fortalde at «dei gamle» brukte songen til eigen oppbygging, dei kunne setja seg i eit rom for seg sjølve og syngja, berre til og for seg sjølve, som meditasjon. Eit vakkert omgrep er at «song er dobbelt bøn».


Den evige bodskapen som omhandlar jol er at lyset vert fødd på nytt. Eit fornya håp om eit nytt lys, og håp om eit godt nytt år i vente. Det er det desse salmetekstane omhandlar, og me syng dei kvart år, om att og om att. Takksemd, håp, glede, kjærleik, og bodskap om lyset som vinn over mørket.


Dei religiøse folketonane på denne innspelinga har blitt sunge i lang tid, og nokre av dei har gått ut av bruk. Difor er det ei stor gleda å henta dei fram att or dvalen dei har vore i, og gje dei nytt liv. Dei er henta frå eldre notenedskrifter og frå lydarkiv, og geografisk tilhøyrer dei Voss, Hardanger, Eksingedalen (Vaksdal), Øygarden og Luster i Sogn.


Tittelen på innspelinga, Helgasong, er henta frå Elias Blix sin vakre salme «No koma Guds englar med helsing i sky». Dette var den fyrste nynorske salmen som vart sunge i ei kyrkje, 2. joledag i 1884. Folketonen som me brukar på denne innspelinga har eg funne i notenedskriftene til Olav Sande (1850 – 1927), og han skreiv den ned på Voss (1899 – 1923) etter ei/ein ikkje namngitt songar.

MEDVERKANDE:

 Irene Tillung, akkordeon

Tore Brunborg, saxofon

Mats Eilertsen, kontrabass

Nils Økland, fele og hardingfele

Berit Opheim, vokal

helgasong nilsøkland beritopheim matseilertsen torebrunborg irenetillung

Restriksjoner

KJøpte billetter refunderes ikke